I byrjinga av oktober vitja direktør Ivan Tosics ved Metropolitan Research Institute i Budapest Noreg. I tekst og bilete skildra han endringane som har skjedd i Aust-Europa på bustadsområdet etter krigen. Føredraget er no tilgjengeleg på nettet.
Det var NOVA og Husbanken som hadde bede Tosics om å kome til landet. Tosics er ein av dei leiande forskarane innan forsking på bustad- og byutvikling i Europa.
I føredraget som no ligg ute på Husbanken si nettside, kan du lese om bakgrunnen for og innhaldet i dei endringane som har skjedd innanfor bustad- og byutvikling i dei tidlegare kommuniststatane. Mellom anna kan du lese om privatisering og skilnadene mellom landa. Tosics skildrar utviklinga frå perioden med sosialistisk planøkonomi til tilhøva i dag, kor den overordna bustadspolitikken synes å ha magrare kår.
Føredraget finn du på Husbanken si nettside
Les meir om NOVA sitt samarbeid med Husbanken
Tips en venn