NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English






















 

 
   RSS-feed RSS



Britisk parlamentskomité på NOVA-besøk


14.11.2007
Skrevet av: Aksel Hatland

Tirsdag 13. november vitja Work and Pensions Committee frå det britiske underhuset NOVA som ein del av deira tredagars studietur til Noreg.

Denne komiteen har omlag det same arbeidsområdet som Arbeids- og sosialkomiteen i Stortinget, men den britiske komiteen arbeider på ein litt anna måte. Dei tar mellom anna sjølv initiativet til å gjennomføre undersøkingar på utvalde politikkområde. No arbeider dei med ei undersøking om fattigdom blant barn, der Storbritannia er kome forholdsvis dårleg ut i samanlikningar med andre europeiske land. Labourregjeringa har sett som mål at delen barn som lever i fattigdom skal halverast frå 1998-99 til 2010-11, og at fattigdomen skal vere utrydda i Storbritannia i 2020. Komiteen skal vurdere framdriften i arbeidet med å nå desse måla, og dei vitjar Noreg for å finne ut om det er noko å lære av norske røynsler. Den britiske komiteen besto av åtte medlemmer frå Underhuset og fire rådgjevarar.

NOVA hadde lagt opp eit program der Magnus Rindal ønskte velkomen og der Aksel Hatland, Charlotte Koren, Axel West Pedersen, Mona Sandbæk og Tone Fløtten frå FAFO heldt korte innleiingar, etterfulgt av spørsmål og kommentarar. Politikarane var ivrige til å stille spørsmål, og dei var openbert vel informerte om saksområdet. I tillegg til NOVA vitja komiteen Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Barne- og likestillingsdepartementet og eit forebyggingsprosjekt i Oslo.







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Conference: Shifting to post-crisis welfare states in Europe?
Internasjonal sommerskole om velferdsstaten
Vis flere




© NOVA 2013

Produsert av 07 Web