8. november lanserer NOVA sine nye heimesider med brask og bram. Alle som vil får boller og rødbrus.
Sidan september 2003 har NOVA arbeidd med opplegg for ny nettstad og intern heimeside. 8. november er ventetida over, og no får me sjå om investeringa har gitt avkastningar. Den fyrste heimesida til NOVA vart lansert hausten 1997. I byrjinga var hundre treff om dagen rekna som høveleg, no sju år seinare er det ikkje uvanleg med over tusen treff per dag.
Tips en venn