Ein ny forskingsrapport frå NOVA syner at minoritetsspråklege elevar får dårlegare karakterar enn andre elevgrupper i norsk skule, og at skilnadene har auka det siste tiåret.
Forskar Anders Bakken har sett nærare på situasjonen til minoritetsspråklege elevar i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring. Skilnadene mellom elevgruppene skuldast ikkje at dei minoritetsspråklege elevane er mindre motiverte og møter skulen med meir negative haldningar. Tvert imot gjer minoritetsspråklege elevar meir lekser og har i større grad enn majoritetselevane planar om å ta langvarig utdanning. Lite tyder óg på at foreldras involvering i skulen kan forklare skilnadene.
Undersøkinga syner at minoritetselevane veks opp i familiar med vesentleg dårlegare økonomi enn majoritetselevane, og at dette heng saman med karakterane begge grupper oppnår i skulen. Økonomiske og kulturelle ressursar i heimen, som utdanningsnivå, tilgang på bøker og PC i heimen samt deltaking i arbeidsmarknaden, er viktig for elevanes sjansar i skulen, understrekar Bakken.
Dersom du vil vite meir om rapporten, kontakt Anders Bakken
Les meir om rapporten her
Tips en venn