NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

 
   RSS-feed RSS



R 12/01
Tromsøungdom er samfunnsengasjerte



Ei ny undersøking syner at ungdom i Tromsø har samfunnsengasjement, sjølv om dette ikkje viser seg i partipolitiske aktivitetar

Dette er eitt av funna forskar Mira Aaboen Sletten kjem med i ein fersk rapport frå sosialforskingsinstiututtet NOVA. På oppdrag frå Tromsø kommune har Sletten gjennomført ei spørjeundersøking blant nærare 1.500 ungdomar i grunnskulen og i vidaregående skule i Tromsø. Dei fleste elevane var i alderen 14-16 år. I rapporten har forfattaren teke for seg ulike sider ved Tromsøungdomanes kvardag, mellom anna spørsmål om ungdoms deltaking og medverknad innanfor område som skule, fritid og politikk. I tillegg vert analysar av rusmiddelbruk, problemåtferd, fritidsinteresser og syn på framtida presantert.

Nokre funn frå undersøkinga:

Bruken av rusmiddel
Rusmiddelbruken til Tromsøungdomane er ikkje avskrekkande høgt sammenligna med andre kommunar. Dette kunne ein kanskje ikkje ha forventa med så mange utestader som Tromsø kan skilta med.

Vald
I rapporten er det stilt spørsmål om til dømes dei unge har vore utsette for vald eller truslar om vald. På samtlege av spørsmåla knytta til vald og truslar om vald plasserer Tromsø seg i det øvre sjikt sammenligna med kommunar som Oslo, Fredrikstad og Kristiansand.

Politisk engasjement
Tromsøungdomane synes å vere særleg aktive når det gjeld alternative og aksjonsorienterte formar for deltaking. I underkant av halvparten av dei spurte har vore med på ein eller fleire lovlege ad-hoc aksjonar. Studien syner at ungdomane er flinke til å fylgje med i ulike samfunnsspørmål via aviser, TV eller ved å nytja internett.

Innverknad
Fleirtalet av elevane i utvalet meiner at ungdom bør få meir å seie på skulearenaen og på andre område i samfunnet, som til dømes innanfor organisasjonslivet. Berre 1/3 av dei unge i utvalet ynskjer å senke stemmerettsalderen.

Framtidsutsikter
Dei unge i dag synes å ha eit meir optimistisk syn på framtida. Få trur at dei vil kome til å oppleve negative hendingar som til dømes skilsmisse og arbeidsløyse. Samstundes trur nærare 40 prosent at dei vil få det betre økonomisk enn foreldra deira.

Les mer om rapporten her







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere?
Konferanse: Ungdom og likestilling i Norden
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web