Mange trur at urbaniseringa fører med seg eit distansert forhold til naturen. Kan det vere rett?
Forskar Åse Strandbu ved forskingsinstituttet NOVA har retta søkjeljoset mot byungdomen sitt forhold til naturen: Korleis forstår Osloungdom naturen? Korleis brukar dei han? Kva slags aktivitetar driv dei med ute i naturen? Er dei opptekne av miljøpolitikk?
Funn:
- 40 prosent av alle Osloungdomar mellom 14 og 16 år har vore på tur i skog og mark siste månad.
- Kvar fjerde Osloungdom med minoritetsbakgrunn mellom 14 og 16 år har vore på tur i skog og mark siste månad.
- Sjølv om det er færre ungdomar som engasjerer seg i miljøpolitikk ved slutten av 1990-talet enn det var ved byrjinga av 1990-talet, er miljøproblem framleis mellom dei politiske sakene som ungdom er mest opptekne av.
Rapporten inneheld også ein diskusjon om friluftslivet som kulturelt fenomen på bakgrunn av intervju med Osloungdom med ulik kulturbakgrunn. Kva friluftsliv og miljøproblematikk har å seie for moderne storbyungdom sine identitetsprosjekt, er òg drøfta.
Kjelder er "Ungdomsundersøkelsen i Oslo 1996", der 11425 elevar i dei to siste klassetrinna på ungdomsskolen og første klasse på vidaregåande skole svara på eit omfattande spørjeskjema, og intervju med eit utval med Osloungdom som brukar naturen.
Les mer om rapporten her
Tips en venn