NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

 
   RSS-feed RSS



R 6/00
Manglar ved det norske velferdssystemet?



Arbeidskraftpotensialet i befolkninga er utan tilbod. Når talet på nye uførepensjonistar og personar på rehabiliteringspengar auka i mange år - kvifor vart det då ikkje ei tilsvarande auke i talet på dei som fekk attføringspengar?

Det syner seg at dei som vert vurderte for yrkesretta attføring lett hamnar i ei gråsone mellom ansvarsområda til trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten.

Forskar Margaret Ford ved forskingsinstituttet NOVA har granska ei rekkje slike "gråsonesaker". Undersøkinga omfattar både registreringar gjort ved eit utval kontor i dei to etatane og intervju med brukarar og saksførebuarar.

  • Halvparten av dei som vart registrerte med tanke på yrkesretta attføring var ikkje komne i gang med attføringstiltak innan eit halvt år.
  • Den vanlegaste grunnen til ikkje å kome i gang med attføringstiltak var at vedkomande vart sett på som for sjuk til det.

Omfanget av gråsonesaker, sakshandteringa, og kva for slags saker det er som kjem i ein slik mellomposisjon, er sentrale tema i Ford sin rapport. Ho peikar på fleire utfordringar med omsyn til samspelet mellom dei føresetnader ulike delar av attføringsapparatet har for arbeidet sitt, og behova til dei som vert vurderte i forhold til attføring.

Ein har bygd ut tiltak for å fange opp dei som treng mykje tilrettelegging, samstundes som ein legg tilhøva til rette for dei som stort sett kan greie seg sjølve. Problemet er dei som fell mellom desse to ytterpunkta. Mange av desse personane synest å verte nedprioriterte i ulike delar av systemet.

Les mer om rapporten her







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere?
Konferanse: Ungdom og likestilling i Norden
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web