Forskar
Morten Blekesaune ved NOVA har granska kva følgjer det fekk at Stortinget innskjerpa reglane for rehabiliteringspengar i 1993/94. Ein ynskte med dette å avgrense bruken av langvarige sjukmeldingar og i staden satse på attføringstiltak for å få folk ut i lønna arbeid.
Regelinnstramminga gjorde at færre personar fekk rehabiliteringspengar - først og fremst av di ordninga vart avslutta tidlegare enn før. Men kva skjedde vidare?
- Færre av mottakarane heldt fram med å få ytingar frå folketrygda
(sjølv om nokon fleire enn før gjekk over til overgangsstønad eller etterlatnepensjon) - Nokon fleire enn før gjekk ut i lønna arbeid
Langsiktige verknader er derimot uklåre. Eit par år etter regelinnstramminga var overgangen til trygdeytingar og arbeid om lag som før.
Rapporten "Innstramming i rehabiliteringspenger" er den tredje og siste frå prosjektet "Innstramming i trygderegler - konsekvensene for utestengtes tilpasninger og velferd", finansiert av Norges forskningsråd.
Les meir om rapporten her
Tips en venn