NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

 
   RSS-feed RSS



R 1/99
Lesbiske og homofile har det tøft



Dette er eit av hovedfunna i NOVA si ferske undersøking - «Levekår og livskvalitet blant lesbiske og homofile kvinner og menn» - som er unik i nordisk samanheng

Ikkje uventa blir det konstatert at det no er enklare å vere lesbisk/homofil enn tidlegare. Trass i dette er det mange som har dårleg helse og psykiske vanskar. At ein fjerdedel av dei unge lesbiske/homofile seier at dei har prøvd å ta livet av seg minst ein gong, er urovekkjande.

Unge lesbiske/homofile peikar seg ut som ei spesielt belasta gruppe der

  • langt fleire har opplevd trakassering, mobbing og baksnakking på arbeidsplass/ studiestad enn andre lesbiske/homofile
  • mengda som er blitt truga med vald er om lag fem gonger større enn blant dei unge i den generelle befolkninga
  • ei av ti blant kvinnene oppgjev at dei har vore utsett for vald det siste året - mot ei av tjue i den generelle kvinnebefolkninga
  • personar under 25 år skil seg mest negativt ut når det gjeld psykiske vanskar
  • den delen som fortel at dei har vore plaga av sjølvmordstankar dei siste 14 dagane er fem-seks gonger større enn   gjennomsnittet blant dei unge i den generelle befolkninga

Andre funn:

  • Det blir lagt fram ein omfattande dokumentasjon som dreier seg om tema som familieband og sosiale nettverk, samliv og barn, open framferd, og rusmiddelbruk.
  • Ei gransking av den norske opinionen syner at eit fleirtal meiner at lesbiske/homofile skal kunne gifte seg i kyrkja på same viset som heterofile kvinner og menn. Det er òg eit klart fleirtal som meiner at lesbiske/homofile som lever i partnerskap skal kunne ordinerast til prest i Den norske kyrkja. Befolkninga generelt er noko meir reservert når det gjeld adopsjon. Samanlikna med tidlegare undersøkingar kan ein likevel sjå at opinionen endrar seg i meir aksepterande retning.

Hovudkjelder:

  • spørjeskjemasvar frå 2 987 lesbiske/homofile og intervju med 23 lesbiske/homofile
  • spørjeskjemasvar frå eit representativt utval av 1000 personar frå heile landet i befolkninga generelt

Barne- og familiedepartementet har finansiert prosjektet.

Les mer om rapporten her

NOVA Rapport 1/1999
Levekår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn
Bera Ulstein Moseng
Kristinn Hegna
Hans W. Kristiansen







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere?
Konferanse: Ungdom og likestilling i Norden
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web