Ikkje spor etter interessekamp mellom generasjonane i synet på offentlege velferdsgode retta mot eldre
Kritiske granskingar av den norske opinionen syner at det frå 1980-tallet og fram til i dag har vore ei vedvarande og sterk oppslutning om å auka løyvingane til alderstrygd og eldreomsorg. Kjeldene gjev inga støtte til påstandar om det skal vera motsetningar baserte på ulike interesser mellom dei som er unge og dei som er eldre. Det kjem ikkje fram nokon skilnad mellom generasjonane når det gjeld synet på overføringane til eldresektoren. Andre mål på interesser har heller ikkje noko å seia for kva folk meiner. Det som forklarer grad av sjenerøsitet overfor eldresektoren er
- kva lei folk orienterer seg på det ideologiske planet - målt som syn på likskap og
plassering på venstre-høgre-aksen i norsk politikk
- kvar og ein sin generelle sympati for «eldregruppa»
- det bilete som ein har av levekåra til dei eldre - di dårlegare ein oppfattar at dei eldre har det, di meir synest ein at det offentlege må yte
Dette seier Ann-Helén Bay i avhandlinga som ho nyleg forsvara for dr.polit.-graden ved Universitetet i Oslo. Ho har studert folk sine haldningar til eldrepolitikken i Noreg - i ljos av den eldrepolitiske utviklinga og det eldrepolitiske ordskiftet. Utgangspunktet for avhandlinga er at det frå politisk og samfunnsvitskapeleg hald er vorte hevda at oppslutninga om offentlege velferdsgode til dei eldre kan koma til å avta. Nokre legg vekt på at dei som er yrkesaktive ikkje lenger vil ynskje å finansiere dei aukande utgiftene til eldresektoren. Andre meiner at velferdsstaten systematisk og gjennom fleire år har forfordelt dei yngre generasjonane, og at dette vil føre til ei politisk generasjonskonflikt.
Kjelde for analysane av opinionen er eit representativt utval av rundt 2000 personar frå heile landet i alderen 18-79 år. Analysane av den eldrepolitiske utviklinga og det eldrepolitiske ordskiftet er i hovudsak tufta på offentlege utgreiingar, partiprogram, og innstillingar og referat frå Stortinget.
Les mer om rapporten her
Tips en venn