NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

 
   RSS-feed RSS



Oppvekst i Norge - bokomslag
Boklansering: Oppvekst i Norge


07.09.2010

NOVA i samarbeid med Abstrakt forlag inviterer til boklansering av Tormod Øias og Halvor Fauskes bok Oppvekst i Norge den 6. oktober 2010.


Brudd eller kontinuitet?
Dei siste ti åra har det skjedd ei rekkje endringsprosessar i samfunnet som har ytt tilskot til å påverke barn og unges oppvekst i Norge. I boka trekkjer forskarane fram to område der desse endringsprosessane særleg tydeleg kjem fram.

For det første gjeld det den teknologiske utviklinga. Forskarane drøfter korleis den ”nye” teknologiske kvardagen pregar barn og unges fritidsaktivitetar.

For det andre har det skjedd store endringar i familiesituasjonen til barna. I dag blir fleirtalet av barna som blir fødd i Norge fødd utanfor ekteskapet. Kjernefamilien med mor og far er ikkje lenger norma. På kva måte påverker desse ”nye” familiekonstruksjonane barnas oppvekst?

Revidert versjon
Oppvekst i Norge ble først gjeve ut i 2003. Boka drøfter barns og unges oppvekst i eit breitt perspektiv, bygd både på teoretiske forståingar og på aktuell empirisk forsking. Etter kvart har det kome til mykje nytt stoff, og det var naudsynt med ein revisjon og vidareutvikling. Til grunn for den nye utgåva ligg eit breitt tilfang av informasjon og forskingsbasert kunnskap om ungdom.

Boka har eit gjennomgåande historisk perspektiv og eit eige kapittel om barns og unges historie. Sentrale tema er kjønn, etnisitet, sosial ulikskap, nye familieformer, skule og etablering, livsstil, fritid og jamnaldermiljø, ny informasjonsteknologi, marginalisering og utsette ungdomsgrupper. I eit avsluttande kapittel drøftar forskarane kva som særpregar moderne ungdom sett i lys av nyare teoriar om modernitet.

Forfattarane er Tormod Øia, professor, dr.philos. og forskar I ved NOVA og Halvor Fauske, professor i sosialt arbeid ved Høgskulen i Lillehammer.

 

Program:

Magnus Rindal direktør ved NOVA

Tormod Øia: Kort presentasjon av boka

Halvor Fauske: Om arv og miljø, ein pågåande debatt

Kommentarar ved:

Jon Lauglo, professor ved Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo og forskar I ved NOVA.

Kåre Heggen, professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda og professor II ved Senter for profesjonsstudiar, Høgskulen i Oslo.

Seminaret er ope for alle.

 

Tid og stad:
Tid: 6. oktober, kl. 10.00-11.30
Stad: NOVA, Store møterom, Munthesgt. 29, Oslo

Påmelding:
Til konferanser@nova.no

For meir informasjon, kontakt informasjonsleiar Halvard Dyb, tlf. 22 54 12 10/00







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Konferanse: Ungdom og likestilling i Norden
Internasjonal boligforskningskonferanse
REASSESS Final International Conference
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web