NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

 
   RSS-feed RSS



NOVA Rapport 24/03
Auka behov for barnehageplassar


15.01.2004

Ein ny forskingsrapport syner at det på tross av ei kraftig styrking av barnehagetilbodet framleis er eit stort gap mellom yrkesdeltakinga til mødrer og barnehagedekkinga.

Dette er eit av dei sentrale funna som vart lagt fram av forskingsinstituttet NOVA den 12.01.04. Det er forskarane Lars Gulbrandsen (NOVA) og Anne Lise Ellingsæter (ISF) som har utførd studien. Det er fyrst og fremst mellom eitt- og toåringane at behovet for fleire barnehageplassar er størst, altså dei aldersgruppene som kan søkje om kontantstøtte. Medan bruken av dagmammaer minkar hos foreldra til dei eldre barna (3-5 år), held dagmammabruken stand hjå eitt- og toåringane.

80 prosent dekning = full dekning
Det er eit sentralt barnepolitisk mål å kunne tilby barnehageplass til alle som ynskjer dette. Dette er eit mål som endrar seg, og frå politisk hald har ein måtte endra måltala fleire gonger, sist gong til å vere eit tilbod om plass til 80 prosent av alle barn mellom eitt og fem år innan 2005. Allereie før man kunne sjå nokon effekt av løftet om prisfall på barnehagetakstane etter barnehageforliket, hadde etterspurnaden nådd dette nivået.

Forfattarane av rapporten meiner at lågare priser vil redusere den sosioøkonomiske skilnaden i etterspurnaden, men ikkje fjerne den. Eit tiltak som vil kunne avhjelpe desse skilnadane, kan til dømes vere å ta fram att forslaget om gratis kjernetid for barn mellom eitt og fem år, seier forskarane.

Dersom du vil vite meir om rapporten, kontakt Lars Gulbrandsen (tlf: 22 54 12 00) eller Anne Lise Ellingsæter (tlf: 23 08 61 21).

Les samandraget av rapporten.

NOVA Rapport 24/03
Barnehagen - fra selektivt til universelt velferdsgode
Anne Lise Ellingsæter
Lars Gulbrandsen







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere?
Konferanse: Ungdom og likestilling i Norden
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web