NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English






















 

 
   RSS-feed RSS



Husk å lytte!


06.07.2005
Skrevet av: Halvard Dyb

Kommunikasjon ved demens omfattar ei rekkje heilt spesielle utfordringar. Dette er temaet i ein ny rapport frå forskingsinstituttet NOVA.

Kommunikasjon ved demens er ein arena for samarbeid på fleire nivå. Ved demens får kommunikasjonspartnarar eit stort ansvar for å ta utgangspunkt i perspektivet til den som er demensråka. Dette gjeld både ved utgreiing, behandling og i dagleg samvere. Denne rapporten skildrar utfordringar i samspelet også sett frå perspektivet til pårørande, tilsette og frivillige hjelparar.

"Kommunikasjon ved demens må ta utgangspunkt i perspektivet til den som er råka av demens. Samtidig er det viktig å ha blikk for pårørande og deira behov for støtte", seier forskar Reidun Ingebretsen, som har skrive rapporten.

Pårørande kan ikkje forventast å vere profesjonelle hjelparar for sine næraste, men dei er sentrale medspelarar. Ståstaden og erfaringane til familien blir viktig både i frivillig arbeid og i offentlege tilbod og tenester for personar med demens og deira familiar. Undervisning, rettleiing og faglege diskusjonar mellom ulike grupper av tilsette blir også understreka. Rapporten syner at hjelparar treng meir kunnskap og fagutvikling, og at det er viktig å byggje bro mellom offentlege og frivillige hjelpetiltak.

Prosjektet er finansiert av Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Les meir om rapporten og forfattaren ved å følgje lenkene under:

NOVA Rapport 13/05
Kommunikasjon ved demens - en arena for samarbeid
Reidun Ingebretsen







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Conference: Shifting to post-crisis welfare states in Europe?
Internasjonal sommerskole om velferdsstaten
Vis flere




© NOVA 2013

Produsert av 07 Web